Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/102

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

94 24. Odin trollkjering. Vitka stend det. Og Vecha heiter Odin hjaa Saxo, daa han kvendeklædd bela til Rind. Yggr seiS til Rindar, segjer skalden Korraak. Snorre fortel at Odin kunde den kunsti som hadde meste magti. og som han sjølv dreiv paa med, og det var seid. Av den kunde han vita lagnaden aat folk, og ting som inkje var hendt endaa, og like eins gjeva folk bane og^ uheppe og vanhelse, og taka vit og magt fraa folk og gjeva til andre. Men det fylgjer so mykje umannslegt med denne trollskapen, naar dei driv paa med han, at dei totte inkje at karfolk skamlaust kunde fara med slikt, og difor lærde dei gydjune denne kunsti." 26. Fjørgyn (gotisk fairguni, fjell; litauisk Perkunas, gml. indisk Parjanya) tykkjest vera ein gamall guddom som me inkje kjenner. Fjørgyn er mor til Tor kalla i Voluspaa og Haarbardsljod. Andre umsét her: kona til Fjørgyn. - Vidre er Odin. Ve (heilag) og Vile (vilje; nemner Snorre og; det er uvisst uni han hev havt andre kjeldur enn Loketr. Odin hadde tvo brørar; den eine heitte Ve, og hin heitte Vile. Desse brørane styrde rike naar han var burte Det var ein gong Odin var farin langt burt og hadde vori lengi ute, so æsine totte at det inkje var von um at han skulde koma heim att; daa tok brørane og skifte arven; men Frigg, kona hans. gifte dei seg med baae tvo. Men ei stund etter kom Odin heim. og daa tok han att kona si." Ynglingatal nemner Vile som bror til Odin. Sume meiner at desse brørane berre er utklovningar fraa Odin, sameleis som guten i eventyri vert kløyvd i tri brørar. Andre meiner at til grunns ligg ei gomol sogu um at Odin og ein annan gud (hjaa Saxo Ollerus eller Hotherus og Mitothin) skiftevis hadde magti og Frigg. 27. Balder er meir manneleg her enn han vert framstelt i seinare sogur. 32. Bror og sysler kunde gifte seg hjaa vanine, fortel Snorre. Det er sagt at frisane i gamle tidir hadde slike skikkar. Det er ting elles og som tyder paa at vane-gudane karm ha komi fraa frisane for det fyrste, til Danmark og nordetter. 33. Lauslynd maa tidi ha vori daa Loketnetta vart dikta. Tacitus fortel um germanane at i jamnaden nøgde kvar seg med ei kone; det var berre nokre faa som var av høgt stand som hadde fleire ; heile folke var overlag sedugt. Men i vikingtidi var det annleis. Steenstrup segjer at nordbuane daa vel erkjendte en hustru som den legitime, men at det var sædvanligt at have tiere, og at fyrsterne og de fornemme ofte havde mange." Saxo fortel mangt um frillelivnad. skils maal og mangegifte, og vaare eigne gamle sogur gjer det same. Harald Haarfagre hadde soleis mange konur: daa han gifte seg med Ragnhild, var det inkje mindre enn 9 av dei lyrre konune sine som han skilde seg ved. 34. Hyrne var ein rise, og med møyane hans trur sume det fraa fyrsto er meint fjellbekkir som rann ned til have,