Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
— 7 —


Rigstula, den tula (songen) som handlar um Rig. Ogso kalla Rigsmaal. Handskrifti er fraa 14de aarh. og yngre enn til dei andre edda-songane. Ymist maa vera burtkomi eller vanskipa. Nokre linur er tilsette paa ei von, dei er innklombra. Fleire umskipingar er gjorde i umsetningi, mest etter S. Bugge si tilleiding. V. 9, 1-2 er i handskrifti v. 8, 1—2. 14, 7—8 = 16, 9—10. 18, 5—6 = 32, 1—2. 18, 7—8 = 4, 9—10. 40 og 41 = 42 og 41. 46, 3—4 = 35,7—8. 48 = 37, 5—12, 49, 1—4 = 37, 1—4. 50, 3—6 = 29, 5—8. 50, 7—8 = 23, 7—8.

Rig er eit irsk ord som tyder konge.

Det er meint (av Mogk m. fl.) at det som fyrimælingi fortèl um Rig, at han skulde vera Heimdall, er sett til seinare etter Voluspaa, som kallar menneski for Heimdalls sønir. Dei trur daa at Rig heller er Odin, som vanleg er allfader og runemeister og raadgjevar og upphavsmann til krig.[1] O. kallar seg ogso med andre namn, naar han sviv millom menneski, og dyl kven han er. — V. 42 og 43 liknar òg siste luten av Haavamaal, songen aat Odin.

2. Aae og Edda tyder oldefar og oldemor.

7. Aust med vatn. Skikk fraa seinaste heidningtidi (lærd av kristne folk i Bretland), brukt naar borni fekk namn. Ein velvyrd nærskyld mann stod fyri det.

9. Ris vart vel brukt til fòr, sameleis som i fjellbygdir endaa.

10. Tir tyder trælkvinne.

12. Klurr (finst i Tel.), klaass. Fjosne, fjos-kar. Reim, anten skraalhals eller ein som reimar (Nordfj., Sunnm.) og tergar folk. Klegge, klegg. Kjefse, lauslynd. Fulne,[2] stygging. Drumb (Tel) klaass. Digralde, diger kat, Drott, ein som dratlar og dreg seg. Hosve. den graae. Leggjalde, ein som hev digre leggir. — Torv vart vel brukt anten til brensle eller husbyggjing.

13. Kumba (kumb, kubbe Orkd., Sunnm.), laga som ein kubbe. Økkvinkalva, ei som hev klumpute leggir (kalvar). Aarin-nevja, som ligg med nasen i aaren, sotut. Ysja, som braakar, Ambaatt, trælkvende. Eikin-tjasna, stiv som ein eikestaur. Totrughypja, (hypju eller hypja. Tel., Hall, Hard.), som er fillut klædd.

15. Ave, godfar. Amma, godmor.

16. Sveig, eit hovudplagg. „Gifte koner havde en hovedbedækning bestaaende i et stort klæde kaldet hoveddug, der blev paasat paa forskjellige maader.“ (R. Keyser). Sveig var ein serskild maate.

23. Snòr, sonekone. — Brur-lin. Det skal, „i det mindste i de senere tider paa Island, have været et langt linklæde nedhængende øverst fra hovedet, saa sidt at tvende kvinder, de saakaldte linkonur, bare dets snipper.“ (R. Keyser).

24. Hal, mann. Hold, odelsbonde. Tegn, som tener ein

  1. Gubbe vert O. kalla i Balders draumar liksom Rig her.
  2. Ful = stygg (i Trondh. no og i ei runeskrift fraa 11te aarh.).