Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/139

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Sogo v. 96—102 minner um ei sogu som er fortald um Audun, den eldste hirdskalden hans Harald Haarfagre. Kongen var paa vitjing hjaa ei rik og fager enkje paa Nordmøre. Ho gav Audun eit horn. Han var ørin, tok handi hennar med det same og sa: „du er eit fagert kvende; eg vil gjeva deg denne gullringen, maa eg vera hjaa deg i natt.“ Ho tok mot ringen og sa at han skulde koma til skjemma hennar, naar tridjeluten av natti var gjengin. Det same lova ho skaldane Torbjørn og Olve, berre at dei skulde koma til kvar si tid. Daa skaldane kom til huse, vart dei stengde inn i kvar si trø. Der stod dei og fraus den kalde natti.

Er denne sogo upphave til dette kvæde um same slag hending i segn um Odin? Det laut daa kann-hende vera Audun som var diktaren.

104. Suttung. A. Noreen tyder namne Suð-þungr, han som er tung av det som er sòdi, kokt; høvelegt namn paa den som eig livsdrykken eller skaldemjøden. Suttung skulde daa vera den same som Mime. Suttungs sønir er nemnde i Skirn. 34 og i Alvismaal 34, Mims sønir (elvane?) i Voluspaa. Øyvind Skaldespillar held Surt for den same som Suttung.

Kann-hende Grimn. 50 (Midvitne, mjød-risen?) leikar fram paa same hendingi som er fortald her. Jjøtun-gubben er nemnd der ogso.

Skulde ein tru at Vavtrudne er eit anna namn paa den same vise jøtunen? I Vavtr. 8 bed Odin um drykk, som han inkje fær. Og det var med mange ord han vann seg gagn hjaa honom og, sameleis som her.

106. Rale er ein navar, fortel Snorre. Orde er, meiner S. Bugge, laant fraa angelsaksisk, og tyder „rotte“. Sml. namne Ratatosk i Grimn. 32. „Rotte-rumpe" kallar dei i Ryf. og Sunnhordl. „en mindre sag, der i den yderste spids er formet som et bor." Rotta hev komi til Europa i folkevandringstidi.

107. Odrere tyder S. Bugge livsdrykken. „Odrerer er altsaa ikke blot en digterdrik, en inspirationens kilde, men ogsaa en livsens kilde, der skjænker eller vedligeholder ungdom og livskraft. Forestillingen om en saadan livsens kilde er navnlig fra Johannes’s aabenbaring bleven vidt udbredt i middelalderen." „Navnet Óðrerir betegner i Haav. 140 Mimers kilde eller den i Mimers kilde værende vædske, derimod i Haav. 107 Suttungs mjød, og i Snorres Edda den kjedel, hvori skaldemjøden er. Afvigelsen mellem Haav. 140 og fortællingen i Haav. 104—110 godtgjør at det sidstnævnte afsnit er forfattet af en anden digter end Haav. 140 og de stropher, hvormed 140 hører sammen."

Ein kunde daa likevel tenkje seg at med Odrere paa baae stadine i Haav. var meint det same, her heile drykken, der ein slurk av drykken. Suttung kann vel godt vera den same som Mime. Det er so mange ting som tyder paa at versi 103. 104, 106, 107. hev same upphav som Haavamaal elles. Men v. 105, 108, 109, 110 maa skrive seg fraa ein annan mann, han som hev yrkt Skirn., Loketr., og Haarb. Odin vert her dømd