Side:Edda-kvæde, Gudekvæde.djvu/117

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
— 109 —


7.
Grannvar mann,
til gjestebod komin,
tegjer med andre talar.
Lyder med øyro
og med augo skodar,
veltenkt og fyri vàr.

10.
Betre byrdi
du ber ’kje i bakken
enn mannavit mykje.
D’er betre enn gull
i framand gard;
vìt er vesalmanns trøyst.

11.
Betre byrdi
du ber ’kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med laakare niste
du legg ’kje i veg
enn ovdrykkje med øl.

12.
Inkje so godt
som godt dei segjer
er øl for manna-ætt.
Di meir du drikk,
di mindre vit
mun du i hausen hava.

13.
Gløymsle-hegren
yvir gildet sit,
han magt-stel mange.
I fjørine hans
eg fjetra vart
i garden hjaa Gunnlòd.

14.
Ørin vart eg
og ovdrukkin
hjaa den frode Fjalar.
Best er gilde,
gjeng du ut att
heil i sinn og sans.

17.
Kópen[1] glanar
naar til gilde han kjem,
fumlar faamin og mullar.
Saa snart han ein slurk
av skjenken fær,
daa utan stans han sullar.

19.
Spar ikkje mjøden,
men med maate du drikk;
seg det som tarvst eller teg!
Inkje nokon
neise deg kann
for du tidleg vil kvile om kveld.

20.
Ov-ètar, um han
inkje seg sansar,
èt seg sin bane-beig.[2]
Mang ein tull
vert for magen sin
til laatt millom kloke karar.

21.
Bølingen veit
naar fraa beite han skal
koma heim om kveld.
Men ovnøyta, ho
aldri veit
aa høve mage-maal.

  1. Kòp, ein styvin glaapar.
  2. Bane-beig, daude-mein.