Side:Det nittende aarhundres kulturkamp i Norge.djvu/58

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

men det var mest tidender og jordbruksbøker og sligt nokot, og so las han Bibelen, men beint fram utan alle desse sjølvgjorde haardregne tydningar, som alle desse trudomsfolk setja hægre enn sjølve Bibelen. Det er desse handgrip og fotslag (tempo) i trui, som for deim er hovudsaki. Olaf kjærde seg inkje um alt slikt, men meinte, at den sanne tru er greid, og at det var sanne ord, at der ikki skulde byggjast tempel korkje i Jerusalem eller paa Garizim, men i aand og sanning; og likeeins meinte han, at den, som skal vera ein god mann for himilen, fyrst maa vera ein god mann for jordi, og at mannen fyrst skal læra seg sjølv, fyrr han lærer andre. Paa sama maaten meinte han um jordiske ting, at all tale um landsens fridom og framvokster er daarens tale, naar han ikki sjølv fyrst skapar fridom og framvokster i sin eigen heim» — «Naar Hans sat med si svarte slitne trudomsboki desse sine drjupande og fallefærdige sundersigande hus med froset mjøl og rotnat høy ikring seg, daa saag han liksom fyrst i sanning dette jordlivs armodsdom og vardt best kveikt upp i hugen sin til at syngja: «Far verdi, farvel!» Livsens griseskap og stakkarsdom er liksom ei uppelding af hugen for slike folk, eit slags andelegt rus likt tyrkens opium, og naar dei daa verda sjuke af alt dette svarte og late og armodslege liv, so vert hugen endaa meir uppeldad.»

 Vinje har her paa en helt forskjellig maade