Side:Bjørnson - Faderen (nynorsk).djvu/3

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


Thord vilde inke rett tru dat, han heldt baaten ſtill og ſtirte paa dan flekken, ſonen var ſokken, ſom ſkulde han koma upp atter.

I tri dagar og næter ſaago folk faderen ro kringum denna flekken utan aa taka mat elder ſømn aat ſeg; han ſoknade etter ſonen ſin. Og tridje dagen um morgonen fann han honom og kom berande uppyver bakkom med honom til garden ſin.

Dat kunde væl vera genget eit aar etter dan dagen. Daa høyrer preſten ſeint ein hauſtkveld nokon rusla ved dyri ute i fyreſtova og leita vart laaſen. Preſten let upp dyri og inn ſteig ein høg framyverbøygd mann, mager og kvit av haar. Preſten ſaag lenge paa honom fyrr han kende honom, dat var Thord. — „Ken du ſo ſeint“? ſagde preſten og ſtod ſtilt framfyre honom. „Aa ja, eg kem ſeint“, ſagde Thord, han ſette ſeg ned. Preſten ſette ſeg ogſo, likſom han ventade; dar var lenge ſtilt. Daa ſagde Thord: „Eg hever nokot med ſom eg gerna vilde geva dei fatike“, — han reiſte ſeg, lagde peningar uppaa bordet og ſette ſeg atter. Preſten talde dei upp, „dat var mange peningar“, ſagde han. — „Dat er helvti av garden min; eg ſelde honom idag“. Preſten vardt lengje ſitjande ſtilt, daa ſpurde han, men mildt: „Kvat vill du taka deg fyre“? — „Nokot betre“. — Dei ſaato dar ei ſtund, Thord med augo mot golvet, preſten med augo paa honom. Daa ſagde preſten linnt og langt: „No tenker eg at ſonen din endelege er vorden ei vælſignelſe aat deg“. — „Ja no tenker eg dat ſjølv ogſo“, ſagde Thord, han ſaag upp og tvo taaror runno tunga nedyver andlitet hans.

————————