Side:Bjørnson - Faderen (nynorsk).djvu/2

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent


„I kveld kem eg fyre ſonen min, ſom ſkal konfirmeraſt i morgon“. — „Han er ein næm gut.“ — „Eg vilde inke betala preſten fyrr eg høyrde kvat nummer han fekk paa kyrkjegolvet.“ — „Han kem paa numer 1“. — Eg høyrer detta og her er 10 dalar aat preſten“. — „Vil du eljeſt nokot“? ſpurde preſten, han ſaag paa Thord. „Eljeſt vil eg inke nokot“. Thord gekk.

Aatte aar leid tidi fram atter, og ſo vardt dat ein dag høyr eit ſtaak framfyre ſtova til preſten; fyre tio menner komo, og Thord fyrſt. Preſten ſaag upp og kende honom: „Du kem mannſterk ikveld“. — Eg vilde have lysning fyre ſonen min; han ſkal gifta ſeg med Karen Storlidi, dotter til Gudmund ſom her ſtend“. „Detta er nog dan rikaſte genta i bygdi“. „Dei ſegja ſo“, ſvarade bonden, han ſtrauk upp haaret med dan eine handi. Preſten ſat ei ſtund ſom i tankar, han ſagde inke nokot, men ſkreiv namni upp i bøkerna ſina og mennerne ſkrivo under. Thord lagde tri dalar uppaa bordet. „Eg ſkal bere hava ein“, ſagde preſten — „Veit dat nog; men han er einaſte barnet mitt; vilde gerna gera dat væl“. Preſten tok imot pengarne. „Dat er tridje gongen du ſtend fyre her fyre ſonen din no, Thord“. — „Men no er eg ogſo ferdug med honom“, ſagde Thord, lagde lumeboki ſi ſaman, ſagde farvæl og gekk, — mennerne langſamt etter.

Fjortan dagar etter dan dagen rodde fader og ſon i ſtilt vedr yver vatnet til Storlidi fyre aa tala um bryllaupet. „Dan toſta lig inke ſtød under meg“, ſagde ſonen, og reiſte ſeg fyre aa leggja henne til rettes. Med ſame ſkrid dan tilja han ſtend uppaa; han ſlær ut med armarne, gever eit ſkrik og fell uti vatnet. — „Tak i aari“! ropte faderen, han reiſte ſeg upp og ſtakk henne ut. Men daa ſonen havde gjort eit tak elder tvo, ſtirdnar han. „Vænt litet“, ropte faderen, han rodde burtaat. Daa velt ſonen bakyver, ſer langt paa faderen — og ſekk.