Side:Aasen - Ervingen.djvu/40

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
42

Fjortande Koma.
Aamund. Hermann.
Aamund.

Nei, kvar vardt det daa av denna Vækja, at eg aldri karm firma henne atter? Ikkje er ho heime, og ikkje er ho burte, og ikkje er ho nokonstad. Hadde eg endaa funnet Faeren, so trur eg, at eg vilde taka det paa Enkjemanns Viis og spyrja honom fyrst. — Sjaa, der er han med same. No fær eg nøyta meg. — (Til Hermann). Tykk ikkje paa det! Eg kjem vel ikkje til nokor Uro?

Hermann.

Aa nei, jeg kan ikke sige det. Det var kanskee noget, som du vilde tale om... Aa, om Forladelse! Jeg er saa vant til at sige »Du« her iblandt Landsfolk.

Aamund.

Ja, det er det, som eg helst vil høyra. Og eg vil so gjerna sjølv segja »Du« til den, som eg talar med.

Hermann.

Aa ja, det kan vel gaa an paa en Maade. Her er jo mange, som sige »Du« til alle Mennesker.

Aamund.

Ja, det, tykkjer eg, er det greidaste av alt i Hop. — Men det var nokot, som eg vilde segja, og eg veit ikkje, kor eg skal koma med di. Det kann henda, at det er nokot uhøvelegt; men det var no fyre det fyrste berre eit Spursmaal. Du hevseei Dotter, som er her heime...

Hermann.

Ja, det er Inga, som du vistnok har seet.