Side:Aasen - Ervingen.djvu/3

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
Fyrste Koma.
Trond.

Det er daa sant, som dei segja, at Flaaviki er vænaste Heimstaden i Bygdi. Her er nokot til aa trøyta seg etter her. Det er baade denne Bustaden, og so er det denne væne Gjenta, som kjem til aa erva baade Gard og Grunn. Det er tvo store Ting; eg veit mest inkje, kven som er størst; for ei slik Gjenta kunde ein vilja hava, um ho ikkje aatte Skoen paa Foten. Og no vonar eg mest, at eg skal faa henne og. Han Hermann heve ikkje nokot imot di, og so er det Spursmaal um, kvat ho vil sjølv. Ho læst no so, at ho ikkje vil hava meg; men det trur eg ikkje nokot paa; for desse unge Vækjorna skal no altid vera kræsne og vandsame, maa vita; dei ganga der og venta paa nokot stort, men naar so det store inkje vil koma, so faa dei nøgja seg med nokot mindre. Og no heve eg gjenget her so lenge og luskat, at Folket trur det er avgjort med oss tvau, og at me er Festarfolk; det trur no heile Grendi, og so vilde det vera Skam, um det ikkje vardt nokot av di. No lyt eg tala med Faer hennar og driva paa, at det kann verda avgjort fyre Aalvora; for elles er det mangt, som kann koma i Vegen, naar det drygjer for lenge. Men der ser eg, han kjem gangande med same. No lyt eg vera fin.