Side:Aasen - Ervingen.djvu/20

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
22

Olav.

Eg likar ein Heim, som er væn aa sjaa,
med grøne Engjer og Vollar
og fager Aaker med gule Straa
og Skog med skyggjande Kollar.

Gunnild.

Eg likar endaa em Ting attaat:
eit Liv, smn leikar og hoppar,
ein Fenad, fager og frisk og kaat,
og Fuglar i alle Toppar.

Inga.

Det er ein Ting, som eg likar gildt,
at Kjenningar sitja saman,
at kvart eit Andlit er blidt og mildt,
og kvart eit Ord er Gaman.

Aamund.

Eg likar nokot av same Slag,
det kjem inn-paa same Vegen.
Eg tykkjer vænt unt eit fagert Lag,
det gjerer meg glad og fegen.

Og vænast viser no Laget seg,
naar Kvinna er med i Talen.
Ei fager Gjenta, so synest meg,
er største Pryda i Salen.

Olav.

Der skal de høyra, det er ein Gut,
som kveda kann og garta.
Giv, me fekk kveda den Kvelden ut!
Det gjerer so godt i Hjarta.

Men der ser eg, han Hermann kjem og ein Mann til; og daa er det best, at me tokka oss ut or Vegen; for dei kunde hava nokot til aa tala um seg imillom.

(Dei ganga).