Side:Aasen - Ervingen.djvu/14

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
14

vera viss paa, at den eine skynar, kvat den andre segjer. Det er lenge no, sidan eg var so heppen. Eg kom ofta i Lag med gildt Folk og hadde ymist Moro med; men det vardt aldri nokot fullkomet Skyn; naar dei skjemtade og logo, tykte eg ofta, at der var ikkje nokot til aa læja aat; og naar eg sjølv skulde segja nokot fyndigt og trøysamt[1], so var det liksom dei inkje høyrde det elder visste, kvat eg meinte. Her slepp eg aa ottast fyre slikt.

Olav.

Ja, her skal du faa Lov til aa bruka Heimemaalet ditt. — Men eg er so forviten til aa høyra, kor det stend til uti den store vide Verdi. Kann du segja meg med nokre faae Ord, kor det ser ut i dei gildaste Bygdom der?

Aamund.

Det er snaraste aa segja, at det ser ut som i ei Maurtuva; det kryp og kravlar paa alle Kantar, det strævar og staakar paa alla Sidor; det er ei endelaus Røra, som det stend i Steinbrjotar-Visa. Ja, den Visa deve du vel ikkje høyrt; eg skal kveda denne aat deg, um du vil.

Olav.

Ja, lat faa høyra!

Amund (syng).

Dei træla, — dei træla
fraa Morgon til Kveld, ja dei træla.
Dei stræva, — dei stræva,
det varer um Alder og Æva.

Dei freista alt, som dei kann vinna,
dei sanka alt, som dei kann finna.
Ja dei leita, — ja dei leita
etter alt det, som Vinningar kann heita,


  1. morsomt.