Denne siden er ikke korrekturlest
— 57 —
Ja, vaare Søner med dei var
i dette fæle Slag.
Det gløymer aldri arme Far
i all sin Livedag.
i dette fæle Slag.
Det gløymer aldri arme Far
i all sin Livedag.
Dei havde døytt dei andre tri;
og tri fall denne Dag.
Berr’ Storegut var Livet i.
Det var eit Sonar-Slag.
og tri fall denne Dag.
Berr’ Storegut var Livet i.
Det var eit Sonar-Slag.
Men godt dei slo, og Norsken vann,
og Svensken rømde radt.
Eg endaa var ein heppen Mann,
at Storegut var att’.
og Svensken rømde radt.
Eg endaa var ein heppen Mann,
at Storegut var att’.
Dei sagde han fyr tjuge slog
og skaut og stakk og skar.
Og fram ei stor Kanon’ han drog,
daa Hestann’ skotne var.
og skaut og stakk og skar.
Og fram ei stor Kanon’ han drog,
daa Hestann’ skotne var.
Daa Brødrann’ fall, i Skum han svam,
so harm han skalv og skok,
og dreiv som Fe dei Rædde fram,
og so til Kniven tok.
so harm han skalv og skok,
og dreiv som Fe dei Rædde fram,
og so til Kniven tok.
Som Kyrkjeklokka ropar han:
„Hau, Gutar! dette høyr!
Den Guten, som er rette Mann,
han vinner elder døyr!“
„Hau, Gutar! dette høyr!
Den Guten, som er rette Mann,
han vinner elder døyr!“