Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/51

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 52 —

Det gjeng paa Livet, naar du frys og svelt;
men endaa er du verre kringum elt,
naar du eit venlegt Aasyn ei fær sjaa:

naar slike Folk, som fyrr du kjende best,
ifraa deg røma, som du hadde Pest,
og dit du ser, dei venda Augo fraa.

Som naar du i den myrke Haustens Kveld
di Laava ser aa loga upp i Eld
med alt det Høy og Korn, som i den er;

so er det, naar du ser, at kvar og ein
er hard imot deg liksom Stokk og Stein
og burt di Hond til Helsing fraa seg slær,

og i di Sorg si Hevn og Gleda finn,
og aat kvar Sukk og all den Graaten din
stend berre kald og flirer der og lær.

Det svartnar fyr deg. Du er nær aa døy.
Det brenner upp ditt heile Korn og Høy.
Du vilde døy, men døy du ikkje fær.



Storegut med Far sin verd fredlyst.


So ikring med Foten saar
ifraa Gard til Gard me rømde,
beiske Drykken ut me tømde
til den siste Dogg og Taar.