Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 49 —

Me tala til Kongen i Landsens Navn,
so verd det væl betre Dagar.

Aa klaga fyr Kongen er aldri Skam,
fyr det skal eg trygt deg borge.
So visa me deg fyr Kongen fram,
at Karar her finnst i Norge.



Storegut er med til Kongen.


So til Kongen me foor, og var elleve Mann,
og han Kristian Lofthus var Styraren, han.
Det var fram me laut føra den Urett, me bar;
av di Folket er Barnet og Kongen er Far.

Gjenom Sverge me foor og med Skreppa paa Rygg
Det var Veg, som var lang; der var Skog, som var stygg.
Men me trygge foor fram: der stod av oss ein Kvekk.
So den Vegen gjekk snart: det var Gutar, som gjekk.

Me ein Laks hadde med ifraa Tovdalens Fjord.
Det var Gut, som var feit og so ovende stor!
Det var Skjenken, me hadde til Kongen, han Far.
Og han Storegut Laksen i Skreppa si bar.

Me til Kongsgarden kom. Aa ja der var væl gildt!
Og imot oss dei toko so framifraa snildt.
Der av Folk kvar ein Kroken i Garden var full.
Og dei skein utav Sylv, og dei gløste av Gull.


4