Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 46 —

Og han segjer: „No du læra skal i Dag
det, som aldri fyrr du visste.
No skal du fyr gamle Skarven Ivar Aa
di Bitaling her paa reide Hondi faa.
  Men eg trur med meg,
  dette Krav av deg
jamen verd paa meg ditt sidste.“

Men han Storegut han stod og flirde kaldt.
Varme Ord han ikkje trengde.
Med den vinstre Hond ein Tunnesekk med Salt
tok han og paa Oksli slengde;
svingad Sekken upp til Munnen som ein Dram,
leikad der paa Golvet med ’om att og fram.
  Daa vardt Eivind bleik,
  og paa Folk han skreik.
Her var den, som Eivind dengde.

Svint av Kista si han hundrad Kronor tok,
— Pengar tunge er aa bera. —
Og han Storegut’en varmt i Hondi skok,
sagde: „Me skal Viner vera!“
Men han Storegut’en svarar: „No skal du
um fraa alle dine vonde Vegjer snu!
  Ser eg ikke, fort
  at det verder gjort,
skal med meg du faa aa gjera!“