— 5 —
etter alt det, eg høyrde gjetet og kjenner, var ein av dei sidste kringfarande Visediktarar og Songarar i det viserike Telemork. Eg maa tru, at der er sume av hans Visor i Landstads og Bugges Samlingar, og der er likeins ei um daa Huldri kom til Storegut paa Felegret, men den er visst av ein annan; truleg av ein Skulemeistare i den seinare Tid.
Fyrste Halvpart og der utyver av denne Storeguten kom ut i Dølen; men eit og annat av dette er umgjort og umsett og javnat til ein betre Sammanheng.
Eg torde ikkje annat en setja sume Ordtydningar her sidst i Boki. Eg heve sovidt mogelegt gjenget av Vegen fyr Ord og Talemaatar, som kunde vera mindre kjende i By og paa Flatbygd: men det var raadlaust yveralt aa gjera detta, helst naar der maatte koma fram Navn paa Landelæge (geographiske Benevnelser), sosom i „Jøtunheimen.“ Det heve lagt mange Bond paa meg, dette, aa gjera Maalet tydelegt, og det heve ofta og teket burt det mest sermerkte eller karakteristiske ved Tanken. Men, me „Maalmenner“ maa fara smaatt fram enno tidleg Dags. Det er med oss som med Organisten, naar han i sit Fyrespil eller Præludium spilar med faae „Stemmer.“ Folk etter oss faa fyrst den Lukka aa kunna draga ut alle „Stemmer“ og spila med fullt Verk.
- Christiania i Decbr. 1866.
I dette andre Upplaget, som no her kjem ut, er eit og annat Smaatt umskipat og tilsett og fraateket.
- Christiania i September 1868.