Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/37

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 38 —


i æveleg’ Ungdomsdagar.
Eg fær ikkje døy, fyrr Sol eg ser.

Det var meg for trongt paa Heimsens Øy,
og alting eg vilde hava.
Eg stend eit Merke fyr Mann og Møy,
som alting vil til seg grava.
Aa, elsk meg sovidt, at eg kann faa døy!“

„D’er Raad til dess at Ein kann faa døy,“
han svarar med Taar paa Kinnar,
„for Folk dei liva som Gras og Høy,
og fara som Lauv fyr Vindar.
Men du skal vera mi Festarmøy.“

Han slengde Kniv under gyllde Tak,
og Soli av Gull seg gøymde.
Daa vardt der Skjelv og daa vardt der Skak,
og Fossar kring honom fløymde
for Berget rivnad med Torebrak.

I Dagen hans Møy ifraa honom foor
og glapp or dei heppne Hender,
lik Dogg fyr Sol fraa den grøne Jord,
som burt upp i Lufti renner
og legg seg fyr Sol som gyllde Flor.

Det var som ein Svevn, det han fekk sjaa,
og upp han vaknad som valen.
Naar han det minnest, — det tidt kjem paa —,
han stend og stirer som galen.
Du ser og drøymer, men kann ’kje faa.