Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 36 —

So strauk han Blaamann i lange Skjegg,
og sagde: „Me heim maa fara!“
Det var so det skalv i Led og Legg.
Daa var det som nokot svarad;
og Berget sprang upp paa vidan Vegg.

Det urd’ og krudde med Bøyg og Bukk
av Folk utor Berg og Haugom.
So høyrd’ han imillom som Klynk og Klukk.
Det svartnad med eitt fyr Augom.
Han fekk ’kje fyr seg til Gud ein Sukk.

Det skok og dunde og var slik Sus,
som fælaste Fossen fløymer.
So kvarv han som burt i all den Brus.
Det var, liksom naar du drøymer
og dett ifraa Fjell og store Hus.

So saag han ein Skog av Glas i Krull,
sovidt han minnest og meinar.
Av finaste Silke var Salen full,
og Stjernor var Glimesteinar,
og Maanen var Sylv og Soli Gull.

Det glimde og glodde av alle Ting,
som Folk kunna gjera sæle.
Det druste av Rikdom rundt ikring;
men Folk var furtne og fæle
og gjerd’ honom inne i ein Ring.

Dei sprungo kring honom hovudstup
og spente med Hæl og Hasar;