Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/34

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 35 —

og um han denne Armod saag,
so visste han ’kje Grunnen.

Sitt Mistak Guten snart fekk sjaa,
og vondt det honom gjorde.
Det var so mest han inkje daa
i Augo sjaa meg torde.

Fyr detta og fyr Steggens Skuld
som so seg skulde fata,
eg trur hans Tanke vardt so full,
at Rifla reint han hatad.



Storegut verd bergteken.


Det var seg ein Kveld i Grunge-Nut,
han Geiterna skulde henta.
Han var so ikring ein vaksen Gut,
og tenkte paa Nordgards-Gjenta.
Han gjekk der og leitad inn og ut.

Der bita Bukkarne mangein Blom,
og sjaa ned i Fossen under.
Det lægste Ljodet kjem att med Ljom.
Det er dette gamle Under.
Den Nuten er kjend fyr Tussedom.