— 4 —
elder eit Dikt: „Ja, ja, det kan vera godt og væl altsaman, men
det er ikkje sannt; ho lyg den Boki og ferer med Fantesi.“ —
At eg elles ikkje tek denna Synsmaaten reint paa Ordet, maa
ganga fram av det, som her uppe er sagt.
Det er no elles ikkje verdt at gilda seg meir av si historiske Sanning, en godt gjerer; for det er ikkje sagt, at eg skirt og klaart kan setja fram dette Folkeliv, med alt det at eg er uppfødd i det og høyrde det utmaalat av Fader min og andre gamle Folk; men at den utvordes Historie er sann, det veit eg.
Ja slikt var Livet upp i Thelemorki og vaare fleste Fjelldalar alt til 1814. Det var i Grunnen ei Nevarettens Tid, og difyr var Styrke og Mannamod det, som stod i største Pris. Det menneskelige Samfund er so klokt, at det altid ærar mest det, som det heve størst Bruk fyr. Med vaart nye Riksstell kom betre Rettargong, og ved ein større Lesnad og alt kom ein annan Tenkjemaate inn i Samfundet. Dette Gamle døyr meir og meir ut. Me kunna ynskja, at den gamle Visediktning f. Ex. livde enno, men det er raadlaust med det. Og her er Bot fyr det. Det er liksom med Maanen: han nører sig i den andre Enden, naar han sloknar i hin. Menner, som no ero uppe i Tanken av si Tid, dei setja i Likning med Guden Tor Enden av Hornet i dette Folkehav og sløkkja Torsten sin etter eit meir folkelegt Maal og eit sterkare og meir poetisk Liv i det Heile.
Eg var fraa fyrst av meint paa aa hanka mange Songar inn paa Sambandstraaden i denne Soga, men eg vardt under Verket rædd fyr, at den „episke“ Sammanheng ved dette skulde slakna væl myket; og det er ikkje fritt fyr, at den heve gjort det og i fyrste Halvparten av Diktet. Men seer eg, at eg kunde hava gjort meir av detta, so skal eg sidan gjera det; for det vilde vera likso historisk sannt, som høvelegt fyr meg, aa leggja mange Visor og Stev i Munnen paa han „Olaf sjølv,“ som