Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 27 —

og krossad seg og so med Hovud skok
og trudd’ eg gjekk med „stygge Svartebok“.
Fyr det, eg gjorde, var eg aldri dyr.
Og so fortald’ eg gamle Eventyr,
og diktad Stev, naar gode Folk meg bad,
og so imillom gamle Visor kvad.
So laut eg atter ut i lange Sving,
som Fuglen fraa sit Reide fyk ikring.
og pikkar der, han ser det minste Grand,
han til dei Smaa i Nebben sleppa kann,
til dess dei Dun og fulle Vengjer faa,
so dei som han kann leika til og fraa.
So sleit eg fram, var glad og godt kom ut.
Og no de høyra skal um „Storegut“.