Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/2

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

Det er ei sann Soga det, som stend i denne Boki, so nær som det, at Navnet paa ein og annan Mannen og Garden ero umbytte; for der liver enno Nærskyldingar av sume av desse Folk, og det trengst ikkje um aa saara desse Uskuldige. Derimot er Storegut og Fader hans sette, som dei vaaro til, med rette Navnet og Alt; og Fader min kunde minnast deim baade tvo. Mangt er elles forgyllt og gjort større eller mindre, en det var. Det er nokot idealiserat; men Tilmaalet og Samhøvet eller Proportionarne er det strævat etter, liksom naar Maalaren gjerer Mannen større eller mindre, en han er skapt. Dette, at Soga er sann i sine store Drag, er det, som etter mi Meining maa gjeva Diktet sitt meste Verd; for Smak og Stil skifta um, men historiske Grunnevne vara. Dette, som eg med eit Kunstord vil kalla den ethnographiske Beingrind, maa kvar Diktning og daa mest den sokallade „folkelege“ hava, um den skal liva lenger en den ofta falske Tidarsmak, som skapte den. Det er denne folkelege eller historiske Beinbygning, som me finna i alle poetiske Verk, som liva lenge, alt fraa Homer og vaare gamle Sogor ned til Walter Scott. Det er den, som stend atter, naar alt det andre er døytt burt. Det er av Livet sjølv, me maa faa vaare Grunndrag: det er det, som lyt dikta fyr os; og Aalmugen heve difyr i Grunnen Rett, naar han segjer um ei Soga