Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/17

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 18 —

Han som mange gode Gamle
elskad mest den største Garden.

Gjenta lik dei gode Gamle
tidt paa gilde Garden tenkjer.
Gjenta, er det sagt, som Fluga
leikar best kring det, som blenkjer.

Etter det, som glor, me alle
laupa, so me litet sansa.
Liksom Jødarne i Morki,
kring ein Kalv av Gull me dansa.

Kanskje Anne var so lagad,
at ho større Stasen turvte?
Og vil ho meg ikkje hava,
er det best, at ho verd burte.

Etter Skatten, som seg gøymer,
kloke Mann skal aldri grava.
Gjenta, som ifraa deg rømer,
vøre største Pest aa hava.

Gjord ho er av annat Virke,
vilde Verk og Vaa deg gjera.
Dersom ho er skapt fyr nokon,
maa det fyr ein annan vera.“

Slikt til Liv eg upp meg mannad,
men eg stundom sat og sturde.
Slikt med gamall Visdomslæra
mine arme Saar eg smurde.