Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Storegut.djvu/15

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

— 16 —

Ja, Livet er ein Klagesong,
og Ljoset sloknar fyr vaar Fot.
Her er slik Armod, Naud og Trong,
at Blodet spring fraa Naglarot.

Dei ljose Stunder i vaar Sorg,
naar Livet liksom lyser klaart,
me taka Himilen paa Borg.
Men me faa svida fyr det saart.
Det spring fraa Smil til Auga vaatt,
der Lik kjem inn i Brudlaups Lag;
og Notti kjem med graatt i graatt,
og svarte Sky med Toreslag.

So ilt det heile Livet læt
og sveiper seg i svarte Sut.
Det er, som Jord og Himil græt
og lengtar etter Løysning ut.
Kvar Drope Dogg er som ei Taar.
Me takka maa, me Kjelda fann,
so me faa dogga Sorgi vaar,
og med i alt me graata kann.

Ein Krig det heile Livet er:
Kvar river aat seg olm og yr
og spenner, høgg og sting og slær,
og biter som eit annat Dyr.
Ein eta vil den andre upp
og svelgja alt, han veit og kann.
Det gjeng paa Plunder hovudstup
fraa Makk i Mold og upp til Mann.