Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/95

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

91


Paa denne Maaten, livde eg med Buskapen og lærde af den. Og eg trur, at den lærde af meg og. Eg studerad Nautenaturen, og lærde ved dette Studium min eigen Natur betre at kjenna, og eg fann Sambandet millom Yrket mit og Mannatanken. Eg var Menneske paa sama Tid, som eg var ein god „Røgter“ og fekk den beste Afdraatt. Nautet skynar og somyket, at det ikke gjev sine gode Gaavor til det daarlege Hovud og det vonde Hjarta. Det er uplysande her at merkja seg, at dei beste Thelemarksky mest koma fraa gode Husmannsfolk: for der er Kalven og Kviga og den vaksne Ku meir liksom ein Medlem af Familien en paa den større Garden og hjaa „finare Folk.“

Og so du Grisemann, som møter fram idag med alle dine Rullepylsor af Svin, du heve og ei vid Mark for dit Studium. Grisen er ein forunderleg Kar. „Der er inkje godt i honom, fyr han kjem paa Fatet“, verdt det sagt. Men dette er ikke sannt for den Mann, som kan tenkja. Grisen er vel vrong, det er sannt, og der stend ein Surgust af honom. Men, han er ein stor Logiker, og han kjem til sine Utdrag eller Slutningar med ubøygjande Samanheng. Han likjest i dette Engelskmannen og alle trongtenkte eller bornerte Folk. Min Omgang i Ungdomen med Grisen kom meg til den største Nytten, daa eg skulde studere