Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/94

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

90

vondt og eg var glad med hena, og naar ho bar om Vintren, so vardt der Jol i Huse, og eg var seint og tidlegt i Fjose for at sjaa til og klappa den fine reine Kalven hennes.

„Du er eit Naut“, segjer Folk, og det verdt kallad eit Skjellsord. No ja, Kyre heve vel sine Grillor og er ikke altid so klok, men jamen veit ho meir en mata seg, den Megga. Der er ellers gode og daarlege Hovud blandt Naut liksom blandt Folk, og underleg nok, dei beste Hovud mjolka mindst. „Det gjeng fraa Juvre og til Hovde“ verdt det sagt. Eg veit soleids eingong me hadde ei Kyr, ho het endaa Gullros, som var eit reint Geni. Ho sprang Grinde eller lyfte den up med Horne. Ho smøygde seg or Bande og lyfte Dyrnine af Hengsle, og ho var allestad framme og viste altid at draga seg tilbake, so Folk trudde, at det var andre, som hadde gjort det. Men, der var snart ikke Mjolksdropen i hena. Ho gjekk reint som eit Gjeldnaut og vardt ikke feit heller. Det var ei Udygde, og ho vardt og slagtad, daa ho hadde havt den fjorde Kalven. Daa lærde eg fyrst, at eit Naut ikke bør vera for klokt heller. Det er med dette, som ein Statsraad nokot ufint, men sannt om seg sjølv sagde: „Eg vil ikke hava Genier i mit Departement men daglege Skytsmærrer“. Og desse kom og i hans Tid lengst fram. Truleg gjera dei det enno.