88
Med det i Kapp me skapa paa,
og so me skal paa Slutten sjaa,
kven d’er som Siger vinn“,
so heve eg like stor Sans for Maten; for eg heve prøvad den Ting at vera solten.
Ja, det er underleg med den Maten. Me lika den fælt so godt allesaman; men det er liksom me ikke lika at tala stort om den likevel. Det er liksom med some andre Naturkrav. Tala me om deim, som me sjeldan gjera, so er det med ein under-Tone af Skjemt. Sitterstrengen paa Hardangerfela klunkar i eit annat Ljod en Slaatten paa Storstrengen. Det er vaar „ideale Natur“, som her kjem fram. Me grava ned i Molde og vilja lenger up. Og me koma vel og dit eingong.
Eit reindukad Bord med Diskar og Glas og Vinflasker og Upsetningar og alt glimande blankt, er eit af dei fagraste Syn, du skal sjaa. Men ikke eingong om dette tala me og syngja med fullt Aalvor. Det heng ihop med Maten, maa vita, og den verdt skoten for Tankens Glugg. Eg kom eingong til eit slikt Fesjaa, der Dagsvisa var i ein Slags Salmestil, og Amtmannen lagde ut i ein Prestetone vaar Armod og det gamle Slarv og den store Tanken i dette nyare Matstræv. Eg drog meg ifraa og heldt meg der burt med Buskapen, for at koma i betre Selskap. Denne Amt-