Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/90

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

86


No gjelder det om, at gjera alting betre en før. Det var vel likeins til alle Tider, men sovidt eg kan sjaa, so er likevel denne Tid ei større Forbetringstid en nokotsin før; ja det gjeng endaa sovidt, at me fuske Vaarherre i Handverket med at skapa betre Dyreslag en her før var. Desse Upskrifter om „Racekrossing“ og „Inavel“ og „Utavel“ ero no reint i Velten, og det stend berre tilbake, at Folk bruka desse Forskrifter paa seg sjølve, so me snart kunna sjaa likso godt Folk som Fe. Eg skynar meg vel ikke stort paa det, men dette trur eg er den største Tanken i alle desse Fesjaa; for til daglegt Bruk trur eg ikke, at Nytten er so stor, som det verdt talad om. Det er greidt, at det er eit og annat, me kunna læra ved deim baade i Buferd og Budraatt; men den som veit litet Gran, han veit det i Grunnen altsaman i Fyrevegen, og det, som det gjelder paa er, om han finn, at det svarar Reikning at bruka det; for dette maa til i Lengde. Men desse kunstige og inførde Feslag trivas ikke rett her, og dei ero so dyre, at det nok aldri svarar seg. Men, det er eit Forsøk, og det lærer Folk at tenkja seg om i si Livsgjerning, og det opnar vaart Auga for Naturens Tanke og Samanheng. Det er altso til Nyttes, om just ikke til den sama Marknadsnytte som i England, med alle sine store Byar og Fabrik og Baasføding. Her hava me godt Beite, og der Fjellbeitet er