85
Paa Fesjaa.
- Godt Folk!
For alt det Gilde, som her no er ikring meg! Her er Naut og Svin og Reidskap til Jordbruk og Smør og Ost og Kaalhovud, og Gjentor og Gutar og „Herrar“ og „Damer“ og alt det gildaste som til er, og væl so det. Det er so eg mest ikke veit det, eg skal tala om; for det burde vera om alle desse framsynde Saker, naar Alt var som det skulde vera.
Det er ei næringsdrivande Tid dette. Matsansen er stor, og det kan turvas til; for Livets Armod er endaa større. I gamle Dagar slost Folk om Maten, og dei gjera det vel enno, om so paa ein finare Maate. Men Stortanken i denne Tid er likevel, at Folk skulle arbeide for den. Arbeidets Adelskap er no komet til Retten sin og det so fullstendigt, at me draga paa Smilebandet aat all annan Adelskap.