Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/85

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

81

reland, en det no er paa vaar frie Gjerd; og at Skogen daa vilde verda meir spard, er trulegt. Det einaste i Matvegen, som kanske daa ikke vilde vera so gildt som no, det er vaare Vegjer og Dampvæsen til Lands og Vands. Men det er enno ikke fullrøynt, anten dette er til Gagns eller ei for eit Land med alle dei einbølte Folk paa store Vidder. Eg trur, at dette i Mangt er at sko Hesten med Sylv. Men, lat denne mi Tru, til me faa sjaa, vere for seg sjølv, vist er det, at dette vaart Stræv ikke kan gjeva os nokon folkeleg Livsrett.

Det verdt ofte skrivet om i Utlandet, at dei germaniske Folk og daa mest desse nordiske og det engelske hava lært Verde den Kunst at kunna styra seg sjølve. Dette er ikke meint, som daa Salomon sagde, at den Mann, som overvinn seg sjølv, han er sterkare en den, som legg ein heil Stad under seg; men det er den Kunst at kunna gjenomføre ei politisk Sjølvregjering, soat me ikke liksom meir sydlendske Folk trenga til at staa under ein slik Formyndare og Tilsynsmann. Det skulde vera det, at me var eit politisk Mønster, som gav vaart Riksstyre Lov til at vera til; for det er so vesalt og smaatt, at det utan dette berre vilde vera til at læ aat. Sjaa me derfor, at me med all Smaadomen vaar kunna vera eit slikt Mønster, so vøre dette og nokot. Men at styra godt det, som er litet eller ingenting, det er og litet og ingenting.

6