Denne siden er ikke korrekturlest
69
Homer synger om, at den grekiske Kjempa
og Halvguden Achilles hadde tvo Hestar. Den
eine het Xanthos og den andre Balios. Daa
hans Ven Patroclos var fallen og han skulde ut
til Hevn og strida mot Hector, bad han desse Hestane
sine fraa si Stridsvogn der han stod i sin
glimande Hærbunad, at dei skulde draga honom
heim atter fraa Striden heil og helsad. Han var
sjølv ein Son af Havgydja Thetis, som han altid
kjærde seg for i sin Motgang, og det er vel truleg
for dette, at han smeiker for Hestane sine ved at
minna paa deires store Moder. Han talar —
fritt oversett — so til deim:
Xanthos og Balios! de, so navngjetne Fyl af Podarge!
Lat meg no sjaa, at framleides de er dei Gutar de plaga,
so de i Kveld paa ei sigrande Ferd meg heimatter draga!
Hestane skaka paa Maan og Manke og rista Topduskane
framfyre Augom for at løyna sine Taarer,
og Xanthos „den traavande Hesten under
Hyvret“ kastar Hovudet att’ mot Bogen og svarar sorgmodigt:
Enno ein Gong deg so sigrande kan me heimatter draga;
men til di Feigd, du usliteleg Mann, no snart maa deg laga.
Ikke for dette du hata os maa: me vilja din Fagnad.