Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

67

dersom me trudde stort paa det, og her var Tid til det, som det ikke er. Eg vilde berre kasta ut dette til Ettertanke, og liksom minna dikkon paa, at de ikke maa liva somyket for det Eine, at de gløyma det Andre. Me maa fyrst og fremst vera Folk; og om Hesten er aldri so gjæv og gild, so er det ikke værdt, at me for hans Skuld leggja os til Hestevanar.

Om det no er likso gamalt som alle Haugar, at me faa eit Lag etter det, me elska, so er det med dette, som eg no sagde om vaart ytre Yrke, at me kunna halda os frie for at faa ei Likning af det, naar me agta os og sjaa at det er nokot vondt, som me ero iferd med at paavenja os. Me kunna derfor etter Ordspraaket „elska det, som føder og klæder os“. Me maa jamvel elska den Jord, som me dyrka. Det verdt Lettekorn det du fær, dersom du ikke elskar Aakren din og ferer fint med den. Derfor maa me elska Hesten og tala med honom som eit Menneske, skal han faa den rette Trivnad og gjeva os Lykke. Alle gamle Folk hava vyrdt Hesten og vanvyrdt den, som foor stygt med honom.

Eg maa her koma ihug eit Stev fraa mi Fødebygd til ein Hesteplagare.

Ute so stende Hesten din,
han er baade vesal og vaate:
Men du site inne i Drykkjestoga,
og er baade glad og kaate.