Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

66

mangein gild Son etter seg. Det var ei Almærr af Velten. Og daa Husbonden var so klok, at der altid var ein gild Fader, so kjenner eg ikke berre den eine Sonen hennes, han som no stend paa Groven, som hadde eit Lyte. Han knippar litt imillom, og det heve han fraa Far sin.

Ja ja godt Folk, de læ liksom eg gjorde; men det er i Grunnen nokso aalvorsamt, idetmindste er det naturlegt. Folk liva for det, dei hava livt af; og det, som var deires giv, hava dei stødt i Tanken og paa Tunga, helst naar dei stiga paa Alder. Og Hesten er daa vel meir værd at liva for en somange andre Ting, som Folk handla og vandla med? Det er vel so, at me faa eit Lag etter Yrket vaart, og at der vil hanga nokot af Handverket ved os. I England vil dei soleids hava lagt Merke til, at Folk, som handla med Papegøier, jamvel faa krumvorne Nasar etter Fuglen sin, og at Oksehandlarar bli helder breide augnamillom. Dette maa no vel Ingen taka so like etter Ordet, men meir etter Tanken, og daa kan det vel henda, at gløgge Folk sjaa paa Mannen liksom ei Likning til det, som er hans Livsgjerning. Men naar no vondt skal vera, takke meg daa Gud for ein liten Hestesnev istadenfor Sneven af mangt annat f. Ex. af eit Gjeldsbrev. Traavkjøyraren er ikke altid fin, men ei Vekselsjæl vilde vera verre. Og soleids kunde me ganga gjenom alle Handteringar,