Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/66

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

62


De høyrde Lindeqvist tala om all den Elsk og Omsorg, som Verdsens beste Hestefolk, nemlig Araberne hadde for sine makalause Hestar. Af dette var mangt at læra, og der var myket i det af det Slag, som verdt kallad „Poesi,“ meir en i heile lange Bøker paa vanlege Vers. Og eg vil her draga fram enno eit Vers af denne arabiske „Poesien“, som vist Lindeqvist kjenner likso godt til som eg, for det om han ikke drog det fram. Ein Mann kan ikke røkkja alting han helder.

No ja, de vita det, at Hesten i Elsken sin vistnok er ein Mohamedan og Mormon, og soleids ikke nokot Mønster til Etterlikning i den Vegen; men de vita og, at den gilde Hesten i nokre Aar liksom dreg Kjensel paa Moder og Datter, so han ikke vil hava nokot med deim. Daarlege Hestar vita de derimot vanta denne Kjenskap og Blygsemd. Og no kjem denne arabiske Soga. Det var nemlig ein Mønsterhest — Navnet kan eg no ikke lenger minnast — som vardt sett paa Prøve og førd til si endaa fagre og spræke Moder, som han, vel at merkja, ikke hadde livt saman med fraa han var ein Fole, so det var litet rimelegt, at han skulde kjenna hena atter. Men, Allah er stor, segjer Araberen, han vilde ikke hava nokot med Mor si at gjera. So vardt han bunden om Augom med eit Plagg, og liksom førd paa Villstraa millom andre, og daa gjorde han det. So