Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/61

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

57

Bergom og Ljonelden Gneistane fraa Hjulom. Og slaatrad han desse Bukkane om Kvelden, so vaknad dei upatter om Morgonen til nyt Traav med Guden sin. Af Bukken, som paa Grækisk heiter Tragos, kjem Tragedie eller Syrgjespil. Bukken var i det gamle Grekarland liksom i Ægypten eit Billæte paa det veksande Liv og den frugtbare Natur; og naar han om Hausten liksom døyr, so var der sorgfull Song og Dans kringom ein Bukk, og baade han og dei Syngjande og Dansande vaaro kransade med Vinlauv. Dette er Tragedien eller Bukkesongen. Og kring Nilfloden er der funnet Bukkar uthogne i Stein liksom til eit Merke paa Aarsvokstren ved Nilens Auking og vatnande Livsmagt.

Bukken, som tidt stend og stirer so aalvorsamt og tankefullt med det lange Skjegget sit, heve ofte af Diktarar og lærde Menn voret tenkt som ei Framsyning af ein Philosoph eller Ein, som elskar Visdom. Holberg taler tidt om dette og seter Bukken fram som ein Mønsterphilosoph. I hans „Forvandlingar“ eller Metamorphoses velja dei andre Dyr Tragos eller Bukken, som er ein slik Philosoph, til at vera Sendemann for deim ned til Plutus eller Guden under Jorde. Og daa Bukken so kom der ned, synger Holberg: