56
saag eg liksom tvo Smaatre langt burte i Himlesyne, og just var det Horne hans „Blaamann“ Og tidt saag eg beint up etter Fjellsida liksom ein Dusk med Blomar; og just var det Skjegget hans „Blaamann“. Og tidt sat eg og murad paa eit Hus med Ovn i, og kjende so nokot tungt paa Hærdane mine; eg trudde det maatte vera Nokon, som vilde eg skulde passe betre paa Buskapen; men just var det Framføtane hans „Blaamann“.
Det var ei god Tid, solenge ho varde, han „Blaamann“ hadde. Han sleit ikke og drog paa Alder og Sjukdom og døydde tommevis. Han var paa sit Beste, og so han heller vilde hava minkad en aukad, om han hadde livt lenger. No er han takande, sagde Fader, og Aasne sagde: „Aa nei Herregud“ er det ikke som han kjende si Tid Han kjem heim atter tidlegare, og det er liksom han kaasar tyngre, naar han legger seg“.
Det som varde lengst af „Blaamann“ var Hud og Horn. Eg gjorde det eine af desse til Tutarhorn, og i some Tonar var der sama Ljod i Horne som i ’n sjølv. Han livde liksom atter i desse Tonar. Af Skinnet hans gjorde eg Ryggeskinn, og det heldt meg mangein Regndag turr og varm.
Ja, det er store Ting alt det eit Gjeiterkvikind kan vera: Det var med tvo Bukkar Thore Gud kjøyrde, daa Thoreslaattane var Vognramlen paa