55
„Lykle“ seg velværd og hugvarm paa vanleg Kvendelag in aat Vinnaren, og saag liksom haadleg burt paa Taparen, som stod og sturde, om kanske han hadde voret den trugnare Elskaren. Og endaa var „Blaamann“ so godlynd etter Slagsmaalet, at eg kunde taka og bøygja Horne hans ned i Bakken og skalkestride med honom. Men so fekk han Salt af meg.
Og naar eg i Hyrdingskogen sov, som tidt hender til Fjells, so kunde „Blaaman“ koma og grava med Framfoten i Ryggen min eller sleikja meg i Andlitet og mekra so smaatt, liksom han vilde segja: No lyt du risa up; Buskapen dreg afstad, og no kveldar det. Stundom tenkte han vist og, at eg kunde vera daud. So fek han eit Saltkorn atter tller ein Braudmole, og so gjekk han ruggande framfyre meg og so imillom snudde seg mot meg paa Bakfotom. Var det tykt i Vedre, so saag eg in i Augo hans, om det kanske skulde lida mot Kvelden. Augnesteinen vardt daa større og liksom aflang. Det var mi fyrste Klokke.
Naar eg leitad etter „Blaamann“ eller „Lykle“ og gret, for eg ikke fann deim, so kunde dei svara meg og koma springande, naar dei høyrde Graaten min. Men saag eg etter deim i Utid, og dei ikke endaa hadde fengjet Metten sin, so løynde dei seg burt for meg. Og eg hadde det Vitet at segja til deim sidan, at dei hadde Ret og eg Uret. Tidt