Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/45

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

41

Liksom fraa meg sjølv eg rømde;
og eg trudd’ eg døyde snart.
Eg var harmfull, og eg dømde
som ein Tyrk om Livet hardt.

Om eg tek so stygt til Orde,
er eg endaa like snild:
Ettersom eg Synder gjorde,
lærde eg at vera mild.

Verdt deg Vit og Alder givet,
finn Du Fred og Soning let.
Dette, at forstanda Livet,
netup er at elska det.