Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

24


Eit Minne fraa Maalstriden


— — — — — — — — —
Som Born me Norske enno er for smaae
til sjølv at raada os og vera Menn.
I Tankens Liv me eiga altfor faae,
og derfor lyt det ganga smaat i Senn.
Men endaa det frametter glett og glider.
Det gjeng og gjeng; det lider og det skrider.

Det so er lagad: fyrst maa eingong vera
og dette Fyrste engong koma maa.
Den Mann, som for seg sjølv vil inkje gjera,
han ogso vil i Livet inkje faa.
Naar Dansk i Høgsæt siit med Øl i Kruset,
er Norsken sjølv ein Skjænkjarsvein i Huset.

Du driver slikt din store Mannavyrda
humanitet paa Norsk du segjer vist —
du er for andre slik ei hærleg Hyrda,
at Ulven tek dit eiget Lamb til sidst.
Det norske Folk vardt gjætt af mange like,
kanskje me vise vardt men ikki rike.