Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/260

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

256


At kvila paa Vegen gjev Styrke i Bein;
og kan du, so bør du det gjera.
Men standa i Faaren som hoggen i Stein
det er fulla raadlaus at vera.

So kom der ein Baat i den djupaste Naud,
og svint in i Svingen han smurde.
So frelste dei Lenda, som nær paa var daud,
og stod over Son sin og sturde.

Det er so du sjølv kan som Lenda bli stur,
naar dette du dreg deg til Minnes.
Men er det ’kje grovt med den Hestenatur,
som soleids skal vera til Sinnes?

Han stend til han stuvende svelter ihel,
og vantar paa Vit til at venda.
Og det er so sannt, som eg dette fortel,
at tidt det i Fjellom kan henda.

Han gjenger seg fast, og han aldri kan snu.
Og Motgang hans Tanke ei mognar.
Han skifter ei Meining, som Folk skulde tru.
Han brester, men aldri han bognar.




Slik sjeldan er Gjeite; det veit eg so plent:
Ho er liksom vittig og braadtenkt,
og aandfull, so tidt ho er „inconsekvent“,
og snur naar ho seer det er faafengt.