Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/258

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

254

Men Lenda ho viste, at turrare var
Kver Blomen der nede paa Hjeldom.
So lenger og lenger med hena det bar
der up mot dei fælande Fjellom.

I Slagregn paa Flotter og Flæe og Fly,
naar Drivskodd i Krullar seg ringad,
daa stod ho mot Vedret for Son sin til Ly,
og vermd ’n med Halsen og Bringa.

So kom ho til Bygdin, so foor ho mot Vest,
der Bræa til Høgre seg krinsar.
Og der kan tru der er Beite for Hest
med Graset so feitt, at det glinsar.

Med Folen ho foor, og paa Vollar ho laag.
Og fælande feitnad den Fyrkja.
Og up ifraa Bakken mot Bergom ho saag
til Tindar som Taarnet paa Kyrkja.

Fraa Lidar ho foor der ho beitte som best:
— Kven veit hot ho hadde i Hausen!
Ho stevnde afstad, og so kom ho der Vest
der in under Galdeberg-Knausen.

Men Ulykka var, ho til Høgre ei tok
der framme paa Stronde ved Bekken.
For upover Berget legg Vegen ein Krok.
Og soleids ho sat som i Sekken.