Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/254

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

250

naa til. Og so bygde dei denne Bru, som dei sidan maatte lyfta up, daa Flaumen kom og synte deim Vatsmaalet. Det kostad mindst sine tri tusen dette, og so fingo dei Svellkuvor og Steinsprang her uppe i Vegen, som baade gjera den faarleg og so her dagstøtt treng til Ishogging om Vintren. Eg sagde det nok, men dei ero so sjølvkloke, at det er raadlaust med det. Men dei lydde meg likevel, daa eg sagde, at Laurgardsbru ikke maatte byggjast paa den Maaten, dei fyrst vilde. Eg kjende Grunnen eg; for eg hadde lystraa der so mangein god Gong. Men no er Fisken burte. Lesjavatnet er utgravet, og Grus- og Bræevatnet kjem og fær ikke afsila seg. Lesja heve mist sit Fiskeri og me her i Sel vaart. Alle hava tapat og Ingen vunnet. Det er desse „Reformer“, som her no verdt talat somyket om.

— Ja, det gjeng ymse, meinte den Eine af os andre, men kostar gjerer det. Eg veit soleids, at ved eit Telegrafarbeid tente rette og slette Arbeidsmenn kring tri Daler Dagen.

— Om det ikke er godt for Landet, so er det godt for alle desse „Ingenieurer“ og Tilsynsmenn, solenge det gjeng, meinte eg. Men du Sigurd! hosi kunde det hava seg, at denne Andersen, som eg heve høyrt, kunde faa den store Garden G. . af den gamle Ekkja? Er han i Slekt med hena eller med Mannen hennes?