243
Morgonen, og daa Lorden vaknad og saag ende up i Himilen, sagde han: „Stort Sængerum i Nott; haagt upunder Taket“.
Her ligg mangt eit Fet etter deg her i Fjellet. Og so for alle dei Reinsdyr du maa hava seet!
— Ja, eg heve seet Drifter so store, at eit tusen Dyr gjorde det ikke, som var med. Og der nord paa Ryggen fraa Storerunden her ned mot Dalen saag eg eingong somange Mærakkar, at der var kvit som ei Snjofonn nedetter. Men her i Kampen, du, var det rart eit Aar! Her var fire Reinsdyr, som hadde vant seg til at vera berre her. Naar eg var her Nord, sprang dei Sud, og so gjekk det rundt ikring. Dei hava det slikt, at dei leggja sin Elsk paa ein og annan Staden, so dei ikke koma derifraa før dei verda skotne. Gud veit, hosi det kan hava seg. Det maa vel liggja i Grase, veit eg. Det Aaret desse Dyre vaaro her, fylgde eg ein Christiania-Mann her up. Det var ein fin og rik Mann, og so slik ein god Kikare, som han hadde. Ja, han var ikke betre en den, eg fekk af Engelskmannen, og ikke so god heller; for han var no reint Overlag den. Eg kunde skile sjaa eit Krøtur paa sine tri Mil. Hm! han vardt seld paa Auctionen, som Bro’rson min gjorde. Der gjekk no alt med der, maa vita. Han skulde løysa paa
16 *