242
den sama Karen, etterat eg laag sjuk her eit Aaret. Nei den Gongen eg fylgde Presten Berner til Byen daa var eg Kar. Eg sveiv og sveiv i Byen og kaupte eit og annat, alt til Klokka kunde vera som fire, daa eg lagde i Vegen, og eg var i Eidsvollbakken Klokka tie, og det var mindst fem Bismarpunds Vigt eg bar i Skreppa mi. Eg skulde hava Sukker og mangt til Smaaborne heime. Og eg var endaa den Karen, at eg skulde hava nokot aat meg sjølv og.
— For ein Krigsmann, du vilde hava voret!
— Aa ja, det var ikke Mange, som lagde meg paa Ryggen, daa eg var paa mit Beste. Og jamvel her eit Aaret, daa eg var med Lord G. . . gingo me her i Fjelle. Han tok ut om Morgonen som ein Rein, og han gjekk godt lenge; men so vardt han med eit afgjeven, og Notte kom paa os, og me fingo ingen Varme. Dei Klæde eg bar, laut han faa, og den Haren eg hadde skotet og steikt Dagen i Fyrevegjen aat han up. Me lagde os der in med ein Stein, og han fekk sova; men det var no so som so med Svevnen min. Eg laut up og hoppa og springa for at halda meg varm. Eg gjekk endaa om Morgonen mindst tvo Mil fastande; for den Matbiten, me hadde, laut han faa, skulde han koma fram; men endaa var eg likegod til ei ny Ferd, daa eg hadde fengjet meg Mat her paa Høvringen. Det var ein klaar Dag om