Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/242

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

238

meg litt ikring i Verde, og so let eg ein yngre Broder min faa Garden. Og han gifte seg og fekk Guds Gaavor af Born, og so laut eg vera liksom ein Tenestegut hjaa honom, og hjelpa til, so godt eg kunde, at Garden vardt i Ætte; for det er ikke naadigt, at fostra up slik ein Barnakrull, og det helst i desse Dagar, daa Ungdomen vil liva finare og læra meir og gjera mindre en daa eg voks up.

— Det var eit sannt Ord det Sigurd, meinte eg; og naar Bro’r din heve somange Born, so er det liksom kver af dikkon skulde hava havt maateleg mange. Men det verste er, at der vel ingen Sigurd Sigurdson er i all denne Barnaflokken, for han heiter vel ikke Sigurd Bro’r din og?

— Nei, han heiter Olaf.

— Seer du det, du! og dermed verdt der ikke slenger Sigurd etter Sigurd paa Garden. Men, du er den Karen enno du, at du kunde faa deg ein liten Sigurd.

— Aa, for den Skuld, svarad han smilande, endaa det vilde vel vera so som so med det og, men . . .

— Du føngje enno ei ung fin Gjente, du.

— Aa, for den Skuld; men . . . Er du gift?

— Ingen af os her.

— Troll til Karar, som lata Gjentune slikt