Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/241

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

237

korkje Toppen af denne eller den rette Storkulten kan du sjaa herifraa. Der paa den Sida burtover Flyen er først Illmannhø (5550 Fot), som me vaaro uppaa. So Illmanndalen austimillom den og Rundvatshøgda, som skal vera nokotnær den hægste. Den heve tvo Greiner og stupar af aust mot Atnesjøen med breida Barmar og der heiter Svulte. Og imillom denne og Diger- og Storerunden ligg Lang-Glupen.

Kvelden før me foro paa Formokampen trefte me der paa Høvringen han


Sigurd fraa Sel.

So du heiter Sigurd, du? sagde eg.

— Ja gjerer eg so, og Fa’r min het og Sigurd.

— Det er vel daa Sigurd paa Sigurd langt upigjenom?

— Solangt som det er spurt.

— Og det verdt vel nedetter og daa, for du heve vel’ ein Sigurd du og?

— Ikke det eg veit. Eg er ugift eg, maa vita.

— Det var underlegt det af ein so sterk og hugheil Kar. Men du heve daa vel voret forelskad?

— Aa ja, det heve nok voret Raad til dess. Men det var vel so lagjet veit eg, og so skal det nokot annat en Elsk til og. Eg var no liksom so for meg sjølv, eg. Eg vilde fiska og skjota og sjaa