Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/238

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

234

So Tungor af den store Memurubræ med svarte Piggar paa, og Memurutinden som ein Fiskerygg med Finner der over Ishavet[1]. So store og vesle Nautgardstind og Piggane paa Tykning-Sua (den som su(g)er Tykning til seg) ned mot Blaatjønholet. So Beshø (Besse, ein Bjørn) og Gjendegapet og Kjæmperyggen millom Gjendin og Bygdin med alle dei Tinder og Piggar og Mugnabræa ned mot Leirungen. Dette verdt kallad Kalvehøgda paa Gudbrandsdals-Sida, for Bræa siig framover desse Flug og brotnar af i Klumpar, som kunna falla i tome Lufte og trilla in paa dei svarte Fjellvegger sine 3000 Fot. Bræa „kalvar“, verdt det og sagt paa Grønland. — Der var vel Tindar paa denne Jøtunryggen lengst mot Sud, men om den eine Munken, som kunde vera stor nok til det, var Mugnatind eller ei, var uvist, for

  1. Me (mid) muru, truleg af Muru eller Mare, eit Trollvæsen, Skrømt. Og der paa den hægste og største Bræeslett i denne øystre Parten af Jøtunheim er der fælt nok. Det er Muru god nok det. Jøklane rund ikring til Galdhø og Glitretind i Nord og Veo- og Nautgardsbræa mot Aust og Tyknings-Sua mot Sud ero alle Snippar af denne store Likduken. So er der Lægder og Dalføre mot Vest der imillom og Smørstabbane med gruseleg Bræ, og Skarvdalsegge og so Mjolkedals- og Koldedalstindane og Fleskenose, alle med stygelege Bræor, og so smaa Lægder og Dalar og so Horungerne.