232
til nokot Stort. Men det vardt ikke nokot af honom. Der var ikke det Stormaalet fraa fyrst af, og so er han sidan sliten af Isen og Vatten og Vind, so han no stend der liksom ut i Forstoga og teke imot Gjesterne. Slike seer du f. Ex. i Griningsdalen, og up paa Fronsfjellet er Krøkla og Graahøgda; men det merkjelegaste af desse er likevel Bitihorn, som i Grunnen er ein Stormann, men vantar den sidste Tummen paa Nose. Det er likeins med Heidalsmugen (ein Muge, nokot Stort) og Skaget. Dei naadde ikke Maal sjølve, men naar du stend paa deim, seer du best in til Jøtunheimen; for kjem du up paa sjølve Storkultane, so er det Alt liksom flatt ikring deg, og so kaldt daa!
Fram for det nørdre Rundeknippe er og slikein Utbygning, nemlig Formokampen (4700 Fod), som der er eit stort Kringsyn fraa. Og der er so javnlendt, at du mest kan kjøyra up til Toppen fraa Høvringsætrom; og up til desse er der graven Kjøyreveg fraa den nye Storvegen paa hi Sida Logen millom Sel og Dovre.
Det var so kring Midten af August, daa det er best til Storfjells, at me ein Godveders-Dag foro der up. Der var so mild og mjuk ei Luft deruppe, at du liksom ikke kjende deg sjølv atter, so lett og glad var du, og so søtt var der. Og der stod Blomar med den finaste Angen fraa seg.