231
me saago det i Aar fraa Ryggen burt mot Rusvatnet. Toka driv af, og me saago liksom ein kvit Krage, og so kom der eit Vindsug, og Mugnatind[1] stod der i all sin Stordom. Den saag mest ut som eit Kyrketaarn herifraa, og fraa Nordsida af Heimdalshø som ein upvend Ørneveng, og fraa Stugunose Vest ved Nystuga som ei Ravneklo. Det er ikke lett at faa Syn paa denne Tind, for Gubben er so inbygd ved alle desse Utanverk, som skyggja honom burt, at dersom ikke dette var gjort for at faa Bygningen sterk, so maatte du tru at det var for det, at den Store aldri sting seg fram, men ventar i sin stolte Storleik paa, at Folk skal leita honom up. Han smiler og leter Mindremenn breida og briska seg og fara med Kytor. Det er likeins med Galdhøpiggen og dei største Kultane der vest mot Aardal i Horungknippet, som kanske naar Alt kjem til Alt halda Maal med Mugnatind. Og det er likeins med Storerunden. „The greatest is behind“ sagde Shaekspeare.
So seer du, før du kjem fram til desse Stormenn, ein og annan Kollen liksom med Tilsprang
- ↑ Det verdt kallad Knutsholstind; men heile dette Fjellparti verdt i Valders kallad Mugnafjell (Storfjell), og derfor skulde denne Tind, som me no tru er den hægste i Landet, heller heita Mugnatind (Stortinden). Der er ellers eit lægre Fjell lenger fram mot Valders, som og verdt kallad Mugnatind.