Hopp til innhold

Side:A O Vinje - Blandkorn.djvu/232

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest

229

Du seer enno dette gamle Gnag, naar du er so haagt til Fjells, og du kan tenkja deg all den Skuring og Afmaling, daa her laag Is overalt. Derfor er Fjell og Fly tidt so svarvad og rundsleikt. Det gjeng vel seinare no, men det gjeng stødt. Frost og Vatten sprengja Berg og Stein, Vind og Veder eta og eta og blaasa Mjølet og Gravrustet ned i Dalen. Dekkar og Dalar fyllast up i Botnen, og Rygg og Rand uppe verdt lægre. Dalen verdt meir og meir skraa, for det renn og trillar fraa deruppe til der lenger nede, og det flatnar af. Toppar og Tindar sjaa ofte ut som ei rustad Knivsegg og morkne Bein med Hakk og Hol og Skav og Skard. Det biter og det blæs der uppe. Det var so det gjorde meg ilt, daa eg f. Ex. saag Knutsholtstind og merkte meg alt dette Gnag af den navngjetne Tidartann. Denne Norges hægste Tind er enno vist sine 500 Fot hægre en Galhøpiggane; men so og so mange Millioner Aar sidan var ho vist utruleg hægre. Det er eit yngre og veikare Steinslag i desse Jøtunfjell og Horungerne en i slike gamle Heigjeitslar som Rundane og Gautstod, men det skjev og det sliter paa desse og, om nokot seinare. Naar so Alt verdt utjavnad og Jorde so til Aars, at ho ikke lenger orkar føda nye Fjell, daa heve ho fengjet slipad sine kvasse Kantar af og er liksom fint uplærd; men om ho daa lenger kan vera denne